Royal College of Surgeons in Ireland


Royal College of Surgeons in Ireland (RCSI) er ein privat medisinsk institusjon på St. Stephen's Green i Dublin. Han er eit av fem kollegium ved National University of Ireland. Colleget gav per 2006 utdanning innan medisin, fysioterapi, farmasi og sjukepleie. Tidlegare fekk tannlegestudentar undervising i prekliniske fag og einskilde kliniske fag saman med medisinstudentane.

Royal College of Surgeons in Ireland
Grunnlagt1784
StadDublin
MedlemskapORCID
Nettstadhttps://www.rcsi.com/

Historie endre

Institusjonen vart grunnlagt i 1784 av barberlauget i Dublin, til å byrja med for å betre kunnskapar blant feltskjærarar.

Colleget gjev ei etterutdanning som gjev tittelen Fellow of Royal College of Surgeons in Ireland med rett til bokstavane FRCSI etter namnet.

Det har vore eit særs internasjonalt miljø på colleget. På 60- og 70-talet var det regelmessig 20 norske studentar på kvart årskull. Andre store grupper var forutan irar, engelskmenn, sørafrikanarar med indisk avstamning og vest-indarar. Mindre grupper kunne omfatta studentar frå Indonesia, Mauritius, Nigeria, USA, Holland osb.

Tidleg på 70-talet vart det satsa betydeleg i bygging av store deler av dagens bygningsmasse. Den fremste delen av bygningen mot St. Stephens Green har ein fasade med søyler og dekorasjon i stein. Dette held fram i dei fremste kontora, hall, trapperom og nokon større rom som vart brukt i høgtidelege høve. I kjellaren under denne delen var det låge bogeganger i ein godt vitja studentkantine. På 90-talet var kjellaren omgjort til bønnerom for muslimar.

I samband med nybygginga vart skulepengenivået heva betydeleg. Statens lånekasse for utdanning kunne ikkje lenger dekka heile skulepengebeløpet som stipend, og delen norske studentar vart noko redusert.

Namnet er gammaldags på to måtar: Royal kjem frå tida der Irland var underlagt Storbritannia, med den britiske monarken som statsoverhovud, og i Storbritannia har termen Royal College no gått over til å kalla overvåkningsorganer og ikkje utdanningsinstitusjonar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Royal College of Surgeons in Ireland