Opna hovudmenyen
Rubens Barrichello
Barrichello 2002.jpg
Rubens Barrichello medan han køyrde for Scuderia Ferrari i 2002
Nasjonalitet Brasil Brasil
Nummer på bilen 8
Køyrer for Honda Racing F1 Team
Formel 1-karriere
Antall løp 247 (243 startar)
Vunne meisterskap 0
Sigrar 9
Pallplasseringar 61
Pole position 13
Karriere-poeng {{{Poeng}}}
Raskaste runde 15
Første løp Sør Afrika Grand Prix 1993
Første siger Tyskland Grand Prix 2000

Rubens Gonçalves Barrichello (fødd 23. mai 1972) er ein brasiliansk formel 1-førar. Då Michael Schumacher gav seg i 2006, vart Barichello den formel 1-føraren med mest erfaring i startfeltet og den einaste gjenverande formel 1-føraren som har køyrt mot Ayrton Senna. Frå 2006 sesongen har Barichello køyrt for Honda Racing.

Innhaldsliste

HistorieEndra

UngdomEndra

Barichello var eit særs lovande talent som ung og vann fem go-kart-titlar i Brasil før han reiste til Europa for å køyre Fomel Lotus i 1990. I hans første år i serien vann han meisterskapen, noko han gjentok alt året etter i Formel 3, då han slo ein ung brite med namnet David Coulthard. Alt som 19-åring var han i nærleiken av å komme med i Formel 1-sirkuset, men valde Formel 3000 i staden. Her vart det ingen tittel, men ein solid tredjeplass gjorde at han kom inn på Formel 1-laget Jordan for 1993 sesongen.

Formel 1Endra

 
Rubens Barrichello under kvalifiseringa til USA Grand Prix 2005

Barrichello har køyrt formel 1 sidan 1993. Seks sesongar køyrte han for Ferrari og var då stallkamerat med Michael Schumacher som var førsteførar. Dette førte til at Barrichello ofte hamna bak. Barrichello har vunne nokre få laup men han har oftare passert mål som nummer to eller tre. Likevel var det Rubens Barrichello som vann det første formel 1-laupet i Kina året 2004.

Sesongen 2004 enda Barrichello som nummer to samanlagt etter stallkameraten Michael Schumacher. Sesongen 2005, som var deira siste sesong saman i Ferrari, enda Schumacher på ein tredjeplass medan brasilianaren kom på åttande plass.

Barrichello køyrte for Honda i 2007-sesongen.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rubens Barrichello


Konstruktørar og førarar som konkurrerer i Formel 1 meisterskapen i 2008
  Ferrari   BMW Sauber   Renault   Williams   Red Bull   Toyota   Toro Rosso   Honda   Super Aguri   Force India   McLaren
  Räikkönen
  Massa
  Heidfeld
  Kubica
  Alonso
  Piquet
  Rosberg
  Nakajima
  Coulthard
10   Webber
11   Trulli
12   Glock
14   Bourdais
15   Vettel
16   Button
17   Barrichello
18   Sato
19   Davidson
20   Sutil
21   Fisichella
22   Hamilton
23   Kovalainen
  Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.