Rubina Rana

norsk politikar

Rubina Rana (27. mai 195615. juli 2003) var ein norsk politikar for Arbeiderpartiet. Rana vart fødd i Pakistan og flytt til Noreg i 1978. Ho var medlem av Oslo bystyre i perioden 1995-2003. I 1999 vart ho kjent då ho leia 17. mai-komiteén i Oslo og gjekk fyrst i barnetoget. Ho var den fyrste med ikkje-vestleg bakgrunn som hadde dette vervet. Det vart retta drapstruslar mot henne og ho gjekk saman med to livvaktar fremst i 17. mai-toget.

Rubina Rana
Fødd27. mai 1956
Pakistan
Død15. juli 2003 (47 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Ho døydde i Oslo av kreft etter lengre tids sjukdom.

Det er vedteke (mars 2006) at ei ny gate på Grønland i Oslo blir kalla opp etter henne. Det blir den fyrste gata i Oslo kalla opp etter ein ikkje-vestleg innvandrar.

Utdanning endre

Kjelder endre