Opna hovudmenyen

Rudi Smidts

belgisk fotballspelar

Rudolf Smidts, kjend som Rudi Smidts, (fødd 12. august 1963) er ein belgisk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Deurne. Han spelte meir enn 10 år på Royal Antwerp og deltok i 33 landskampar for dei raude djevlane, kallenamnet til Belgias fotballandslag.

Rudi Smidts
Personleg informasjon
Fullt namn Rudolf Smidts
Fødd 12. august 1963 (56 år)
Fødestad Deume i Belgia
Høgd 178 cm
Posisjon Venstreback, Midtback
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1984–1997 Royal Antwerp 425  (13)
1997–1998 Charleroi 31 (1)
1998–1999 Germinal Ekeren 32 (2)
1999–2000 Beerschot 29 (0)
2000–2002 Mechelen 42 (0)
2002–2004 KFC Schoten 26 (0)
Totalt 585 (16)
Landslag
1992–1997 Belgia 33 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KlubbspelEndra

Smidts var venstreback på Royal Antwerp i tida 1984-98. Særs godt spelte han frå då han nærma seg 30 år. Han vert rekna som ein av dei beste sidebackane i soga til Antwerpen-klubben. Høgdepunkta som klubbspelar kom i 1992 og 1993. Den 7. juni 1992 vann Royal Antwerp den belgiske cupmeisterskapen mot KV Mechelen, etter 2-2 i spel og 9-8 i straffeskyting. Våren etter tok dei belgiske cupvinnarane seg til finalen i Cupvinnarcupen, på Wembley stadion i London vart det tap 1-3 mot Parma FC.

LandslagsspelEndra

Smidts deltok i 33 landskampar for Belgia i tida 1992-97. Han skåra eitt einaste landslagsmål, sigersmålet då Belgia på heimebane 14. oktober 1992 slo Romania 1-0, i det som var Smidts andre kamp i landslagstrøya. Han spelte i alle fire kampane til Belgia under VM i fotball 1994 i USA.

MerittarEndra

  • Cupvinnar i Belgia: 1992 med Royal Antwerp
  • Finaletap i cupvinnarcupen: 1993 med Royal Antwerp

KjelderEndra