Rudolf Kjellén
Johan Rudolf Kjellén (13. juni 1864–14. november 1922) var ein svensk statsvitar og politikar. Han var riksdagsmedlem, fyrst 1905-08 av andrekammeret og så 1911-17 av førstekammeret, dessutan professor ved Göteborgs högskola i geografi og statskunnskap frå 1901 og til sist professor ved Uppsala universitet frå 1916 til han døydde. Kjellén var forfattar av mange verk om statsvitskap, geopolitikk, geografi og historie. Han var farbror till Alf Kjellén.
Rudolf Kjellén | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 13. juni 1864 Torsö församling |
Død | |
Yrke | statsvitar, universitetslærar, politikar, geograf |
Språk | svensk |
Politisk parti | högervilde, Första kammarens nationella parti, Det förenade högerpartiet |
Medlem av | Kungliga Vetenskaps- och Vitterhetssamhället i Göteborg |
Rudolf Kjellén på Commons |
Kjellén var den fyrste som nytta omgrepet geopolitikk. Det vitskaplege arbeidet hans var prega av Friedrich Ratzel sine tankar. Saman med Alexander von Humboldt, Karl Ritter og Friedrich Ratzel la Kjellén grunnlaget for den tyske geopolitikk som seinare skulle verta forfekta og fremja av generalen Karl Haushofer.
Liv
endreKjellén var fødd på Torsö i dagens kommune Mariestad, der far hans var prest. Sjølv fullførte han gymnaset i Skara i 1880 og vart same året immatrikulert ved Uppsala universitet. Han fullførte doktorgraden i Uppsala i 1891 og var dosent der åra 1890-93. Frå 1893 underviste han ved Göteborg Universitet, der han var professor i statsvitskap og statistikk frå 1901 til han mottok eit prestisjetungt professorat i retorikk i Uppsala i 1916.
Kjellén var konservativ politikar og var vald inn i andrekammeret av den svenske Riksdagen 1905-1908 og deretter i fyrstekammeret 1911-17.
Han døydde i Uppsala i 1922.
Ideverd
endreKjellén studerte under Friedrich Ratzel, og skulle seinare utdjupe omgrepa kring den såkalla organiske staten, og omgrepet geopolitikk.
Dei grunnleggjande ideane sine presenterte Kjellén i 1900 i boka Inledning til Sveriges geografi, ei bok som var basert på foredrag han heldt ved Göteborg Universitet. Verket Staten som livsform, utgjeven i 1916, vert rekna som den viktigaste boka hans om geopolitikk. Ho skisserer fem viktige omgrep som skulle kome til å forme tysk geopolitikk i tida etter fyrste verdskrigen:
- 1. «Reich» var eit territorialt konsept beståande av Raum (Lebensraum ), og strategiske militær form;
- 2. «Volk» var ei rasistisk oppfatning av staten;
- 3. «Haushalt» var eit kall for autarki basert på land, formulert som ein reaksjon på omskiftingane i internasjonale marknader;
- 4. «Gesellschaft» var det sosiale aspektet av eit lands organisasjon og kulturelle appell, Kjellén menneskeleggjorde (antropomorfiserte) mellomstatlege relasjonar meir enn Ratzel hadde gjort, og
- 5. «Regierung» var ei form for statsstyre der byråkratiet og hæren ville bidra til å pasifisere og koordinere innbyggjarane.
Kjellén avviste eit syn på staten som om den einast bygde på legalistiske omgrep. Han hevdar at staten og samfunnet ikkje er motsetnader, men snarare ein syntese av dei to elementa. Staten har eit ansvar for lov og orden, men også for framgang i både sosial velferd og i økonomisk velferd.
Autarki var for Kjellén ei løysing på eit politisk problem, ikkje ein rettvis, økonomisk politikk. Eit land som var avhengig av import ville aldri vere eit uavhengig rike. Det eigne territoriet var for avgrensa og ville gje for intern produksjon.
I føgje Kellén var «Topopolitik», «Physiopolitik» og «Morphopolitik» dei tre eigenskapane til ein stat. Dei to fyrste svarar til «Lage» og «Raum» og tyder høvesvis posisjon og territorium, medan «Morphopolitik» har samband med forma til og tilstanden i ein stat.
Påverknad frå Kjellén
endreKarl Haushofer, som tok etter mange av Kjellén sine idear, var ikkje interessert i den økonomiske politikken i teorien, men argumenterte sterkt for autarki; ein nasjon i stadig kamp ville krevje sjølvforsyning.
Litteratur
endre- Kjellén, Rudolf, Die Grossmaechte der Gegenwart . Leipzig, Berlin, 1914.
- Kjellén, Rudolf, Die politische Probleme des Weltkrieges . Leipzig, 1916.
- Kjellén, Rudolf, Der Staat als Lebensform . Leipzig, 1917.
- Kjellén, Rudolf, Die Grossmaechte vor und nach DEM Weltkriege . Leipzig, Berlin, 1930.
- Mattern, Johannes Geopolitik: Lære of National selvforsyning og Empire. The Johns Hopkins Press, Baltimore: 1942.
- Tunander, Ola. "Svensk-tyske Geopolitikk for et nytt århundre - Rudolf Kjellén er" Staten som en levende organisme ', Review of International Studies , vol. 27, no. 3, 2001.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rudolf Kjellén» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Rudolf Kjellén» frå Wikipedia på svensk, den 12. september 2012.