Rugsund kyrkje
Rugsund kyrkje står i Rugsund på fastlandet innom Rugsundøya i Bremanger kommune i Vestland, og er ei tømra langkyrkje frå 1838.[1]
Rugsund kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bremanger | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Nordfjord | ||
Sokn | Rugsund | ||
Fellesråd | Bremanger | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Hans Ditlev Franciscus Linstow [1] | ||
Teknikk | Tømra | ||
Innvigd | 2. september 1838[1] | ||
• Endringar | 1911-1912[1] | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Altartavle | Jesus går på vatnet av Lars Kinsarvik[1] | ||
Sitjeplassar | Kring 400[1] | ||
Rugsund kyrkje 61°53′14″N 5°20′31″E / 61.88722222°N 5.34194444°E | |||
Wikimedia Commons: Rugsund kyrkje |
Bygget har sitjeplassar til kring 400 personar og vart sett opp etter typeteikningar laga av arkitekt Hans Ditlev Franciscus Linstow.[1] Kyrkja vart pussa opp, ombygd og utvida i 1911–1912. Då vart mellom anna tårnet endra og Lars Kinsarvik skar og måla atlartavle, preikestol, døypefont og veggdekor. Det vart då òg bygd til kor med orgelgalleri over.[1]
Tidlegare låg kyrkja for soknet ute på Rugsundøya.[1] Der låg kyrkja svært fint plassert, men det var eit stendig problem at det var for grunt jorddekkje på gravplassen. Difor vart kyrkjestaden flytt frå øya til fastlandet då det måtte byggjast ny kyrkje etter at 1600-tals kyrkja brann ned.[1]
Kyrkja er soknekyrkje for Rugsund sokn i Nordfjord prosti. Fram til 1740 høyrde Davik til Eid prestegjeld.[2] Rugsund har hatt kyrkje sidan mellomalderen, truleg sidan 1200-talet. Fyrste gongen Rugsund-kyrkja er nemnd i kjeldene er 1328. Dette var truleg ei stavkyrkje. Mellomalderkyrkja vart erstatta av ei tømra kyrkje i 1650.[3]
Sjå òg
endreFotnotar
endre- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 ««Rugsund kyrkje»». Vitja 8. januar 2009
- ↑ ««Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket». Vitja 8. januar 2009
- ↑ ««Rugsund stort kyrkjesokn i gamal tid» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon». Vitja 8. januar 2009
Bakgrunnsstoff
endre- Om Rugsund sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Bremanger kommune på nettstaden disnorge.no
- Rugsund kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Rugsund kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.