Rumdoodle Peak
Rumdoodle Peak er eit lite, men markant fjell på 875 moh, nordvest i North Masson Range i Antarktis, nær Mawson-stasjonen. Det vart namngjeve kring 1960, etter ein oppdikta fjelltopp i boka The Ascent of Rum Doodle.
Rumdoodle Peak | |||
fjell | |||
Rumdoodle Peak med den vesle grøne hytta ved foten av fjellet
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | North Masson Range | ||
Topp | Mac. Robertson Land | ||
• høgd | 875 moh. | ||
- koordinatar | 67°46′17.1″S 62°49′48.7″E / 67.771417°S 62.830194°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Rumdoodle Peak 67°46′17″S 62°49′49″E / 67.771416666667°S 62.830194444444°E | |||
Wikimedia Commons: Rumdoodle Peak |
Det ligg ei lita hytte ved foten av fjellet (498 moh) med soveplass for fem personar. Denne ligg ved sidan av to evig isdekte innsjøar, Rumdoodle Lake og Lassitude Lake.