Mawson-stasjonen er ein av tre permanente australske basar i Australsk Antarktis i Aust-Antarktis. Han er kalla opp etter polfarararen sir Douglas Mawson og vert driven av Australian Antarctic Division (AAD). Han vart opna i 1954 og er den eldste australske stasjonen i Antarktis og den eldste permanent busette staden i Antarktis stasjon sør for Den antarktiske polarsirkelen.

Mawson-stasjonen
stasjon
Mawson-stasjonen mot David Range.
Land  Antarktis
Stad Mac. Robertson Land
 - koordinatar 67°36′S 62°52′E / 67.600°S 62.867°E / -67.600; 62.867
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mawson-stasjonen
67°36′09″S 62°52′25″E / 67.60258°S 62.8736°E / -67.60258; 62.8736
Mawson-stasjonen is located in Antarktis
Mawson-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Mawson Station

Føremål

endre

Mawson-stasjonen er ein base for forskingsprosjekt som omfattar underjordiske detektorar for kosmisk stråling, forskjellige langvarige studiar innan meteorologi, aeronomi og jordmagnetisme, i tillegg til pågåande studiar i bevaringsbiologi, særleg på dei nærliggande hekkestadane for keisarpingvinar og adeliepingvinar.

Mawson-stasjonen husar kring 20 personar om vinteren og opp til 60 om sommaren. Han er den einaste stasjonen i Antarktis som nytta vindturbinar til over 70 % av energibehovet, og sparar slik over 600 000 liter diesel i året. Området er tilgjengeleg til sjøs i ein kort periode om sommaren, mellom februar og mars.

Historie

endre

I 1946 gav utanriksminister H.V. Evatt støtte til Douglas Mawson om å opprette ein permanent australsk base i Antarktis.[1] Det gjekk sju år før eit høvande skip, «Kista Dan», kunne leigast inn til å setje opp anlegget sør på kontinentet.

Staden vart vald ut i 1953 av Phillip Law, den første direktøren i AAD, som baserte seg på flyfoto tekne under den amerikanske Operasjon Highjump (OpHjp) i 1946-1947. Han valde ei stor naturleg hamn (Horseshoe Harbour) og dei isfrie klippene for å bygje bygningane.[1] Stasjonen vart bygd i løpet av 1954. Somme små prefabrikkerte hyttar vart nytta dei første åra, men desse vart etter kvart erstatta av modulbaserte bygg med stålramer under ei stor ombygging i 1970-åra.

Geografi

endre

Mawson-stasjonen ligg i Holmevika i Mac. Robertson Land i Aust-Antarktis. Han ligg eit område som Mawson gjorde krav på som britisk territorium og som seinare vart Australsk Antarktis.

I nærleiken ligg Framnesfjella, som dannar eit dramatisk bakteppe ved Mawson-stasjonen. Framnesfjella vart namngjeven i 1930-åra av den norske skipsreiaren Lars Christensen.

Lenger i nordvest ligg Napier Mountains, som først vart vitja av eit landmålingslag frå ANARE frå Mawson-stasjonen i 1960.

Klima

endre

Mawson-stasjonen har eit arktisk klima:

Vêrdata for Mawson-stasjonen
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 2,6 −1,3 −7,2 −11,8 −13,6 −13,6 −15 −15,6 −14,4 −10 −2,7 2,1 −8,4
Gjennomsnittleg min °C −2,6 −7,3 −13,2 −17,3 −19,3 −19,5 −20,8 −21,7 −20,6 −16,4 −8,2 −3,2 −14,3
Kjelde: Bureau of Meteorology


Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Scott, Keith (1993). australian Geographic book of Antarctica. Terrey Hills, New South Wales: Australian Geographic. s. 29—31. ISBN 1-86276-010-1. 

Bakgrunnsstoff

endre