Runar Myrnes Balto

Runar Sammol Myrnes Balto (fødd 12. juli 1987) er ein norsk samisk politikar frå Evenes som er leiar i Norske Samers Riksforbund (NSR) og parlamentarisk leiar for NSR på Sametinget.[1] Han er vald frå Vesthavet valkrins og sit i plan- og finanskomitéen.

Runar Myrnes Balto
Runar Myrnes Balto sametingsrepresentant 2017.jpg
Fødd12. juli 1987
Statsborgar avNoreg
PartiNorske Samers Riksforbund
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo

Myrnes Balto er opent homofil, og vann prisen «Årets LHBT-person» saman med Mikkel Eskil Mikkelsen i 2018.[2][3]

Han har studert samfunnsfaglege utviklingsstudium ved Universitetet i Oslo. Frå 2010 til 2013 var han leiar for festivalen Márkomeannu.[4]

KjelderEndra

  1. Krogstad, Bjarne (1. desember 2018), «Runar Myrnes Balto valgt som ny NSR-leder», altaposten.no (på norsk bokmål), henta 9. juli 2019 
  2. Larsson, Carl-Gøran (5. oktober 2017), «De første åpne homofile på Sametinget: – Kommet dit vi bør være», NRK (på norsk bokmål), henta 9. juli 2019 
  3. Eira, Biret Ravdna (5. februar 2018), «Runar Myrnes Balto og Mikkel Eskil Mikkelsen er "Årets LHBT-person"», NRK (på norsk bokmål), henta 9. juli 2019 
  4. «Om Márkomeannu», Márkomeannu (på norsk), henta 9. juli 2019 

BakgrunnsstoffEndra