Mikkel Eskil Mikkelsen

samisk politikar

Mikkel Eskil André Mikkelsen (fødd 22. april 1989) er ein norsk samisk politikar som sit i sametingsrådet for Norske Samers Riksforbund. Medan han sit i rådet, møter Mathias Eilert Olsen fast på Sametinget for han.

Mikkel Eskil Mikkelsen

Fødd22. april 1989
Statsborgar avNoreg
PartiNorske Samers Riksforbund
Yrkepolitikar, kantor
Utdanna vedNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Universitetet i Oslo
Nord universitet
Alle verv
  • sametingsrepresentant (2017–2021)
  • sametingsrepresentant (2021–Ukjent)
  • Sametingsråd (–2024) Sjå dette på Wikidata

Mikkelsen er opent homofil, og vann prisen «Årets LHBT-person» saman med Runar Myrnes Balto i 2018.[1][2]

Han er utdanna kyrkjemusikar frå NTNU og har ein master i musikkvitskap frå Universitetet i Oslo. I tillegg han han studert lulesamisk språk ved Nord universitet. I 2017 arbeidde han som kantor i Tysfjord.[3]

Kjelder

endre
  1. Larsson, Carl-Gøran (5. oktober 2017), «De første åpne homofile på Sametinget: – Kommet dit vi bør være», NRK (på norsk bokmål), henta 9. juli 2019 
  2. Eira, Biret Ravdna (5. februar 2018), «Runar Myrnes Balto og Mikkel Eskil Mikkelsen er "Årets LHBT-person"», NRK (på norsk bokmål), henta 9. juli 2019 
  3. Norvang, Kato (14. august 2017), «Mikkel Eskil Mikkelsen – listetopp for NSR i Vesthavet valgkrets», NRK, henta 9. juli 2019 

Bakgrunnsstoff

endre