Rundballe
Ein rundballe er ein sylinderforma balle av pressa gras eller halm til surfôr. Rundballane vert pressa i rundballepresser og pakka i plast. Til vanleg vert dei pakka i kvit plast, derav aukenamnet «traktoregg».
Legging av rundballar har dei siste åra vorte ein av dei mest utbreidde metodane for ensilering, og ynskt turrstoffprosent er på 30 prosent.