Ensilering
Ensilering er konservering av fôrmiddel, helst brukt til surfôr. Målet med ensileringa er å hindra utvikling av aerobe bakteriar, altså oppnå eit anaerobt miljø, og senke pH-en til eit ønska nivå som er rundt 4. Ensilering av gras må skje i anaerobt miljø slik at det skjer ei fermentering av graset. Ein pressar graset saman for å få ut lufta, og tilset syre for å oppnå rett pH. Ensilering kan m.a. skje i flatsilo, tårnsilo eller rundballar. Ein kan ensilera plantemateriale, som gras eller korn, eller fiskebiprodukt.
Galleri
endre-
Sanking av gras til ensilering.
-
Ballpresse som lagar rundballar.
-
Kyr som et silofôr.