Surfôr er gras som blir slege og enten pressa til rundballar, eller dei hamnar oppi ein silo. Fellesnemnaren er at fôret vert pakka saman og lufta pressa ut, og/eller innsprøytt ensileringsmiddel som fører til eit fall i pH[1] og skapar eit miljø for bakteriar, som gjer fôret surare, og mykje mindre utsett for soppskadar. Dei toler då lagringa mykje betre, utan at fôret blir øydelagt. Ensileringamiddel vert sprøytt inn i fôret enten rett før det vert pressa, eller teke opp i vogn. Middelet fungerer best med høgt sukkerinnhald i fôret, noko ein får ved å hausta graset når det er tørt[1].

Kyr et surfôr i eit fjos i Allgäu sør i Tyskland.

Tårnsilo endre

Tårnsiloen var den opphavlege måten å konservera surfôr på, og i Noreg var han den dominerande typen fram til rundballpressene vart innførte. Han har etter måten høg byggekostnad, men pakkinga blir effektiv i ein høg tårnsilo - av di graset blir pressa godt saman av eiga tyngd - så kvaliteten på fôret blir god. Det bli rnytta maursyre som ensileingsmiddel. Tårnsiloen kan støypast i betong eller bygast av impregnert treverk. Ved bygging i andre materialar enn tre lyt ein ta omsyn til at maursyre er korroderande. I betongsiloar, til dømes, kan armeringa verta øydelagt.

Fylling endre

Då ein byrga å bygga tårnsiloane på 1950- og 1960talet var det på små bruk vanleg å slå graset med slåmaskin, køyra det saman med sleperive, lessa det på ei vogn med høygaffel og køyra det til siloen med hest eller traktor. Då silosvansane kom på marknaden kunne dei nyttast både for å samla graset og for transporten til siloen. I dag har forhaustaren teke over siloslåtten, så graset blir hakka opp og blese rett opp i ein tilhengar eller avlessarvogn.

Lenge var det vanleg å nytta høygaffel for å lempa graset ned i siloen og jamna det utover. At graset vart rista opp og spreidd jamt utover i siloen var viktig for at det ikkje skulle danna seg luftlommer og for at det skulle siga jamn saman når ein la på press. Det finst no ulike mekaniske hjelpemiddel som var i stand til å fordela graset i siloen.

Press endre

Når ein er ferdig med å fylla siloen lyt ein legga på press. I den fyrste tida var det vanleg å dekkja graset med tome kunstgjødselsekkar, før ein la på treverk med eit eller anna tung oppå; ofte var det stein som vart nytta. Dette var ein tungvint og arbeidskrevande prosess, som måtte reverserast utpå hausten når ein byrja å ta ut fôret. På 1960-talet vart det innført siloposar, som var store plastdukar som dekte heile siloen og vart bretta opp på sidene og held oppe av metallstøtter som gjekk rundt kanten på siloen. Så vart det fylt vatn i duken. Seinare kom det lange plastikkpølser, som vart lagt ut på toppen av soloen og fylt med vatn.

Uttak endre

I den fyrste tida vart fôret teke ut med høygaffel etter som krøtera vart fôra om vinteren. Det fanst òg gaffelar tilpassa uttak av surfôr, som hadde noko mindre avstand mellom tindane. Eit anna verktøy som vart nytta var sokalla silospadar, som var kvasse for at dei skulle vera letta å få ned i fôret. Seinare vart det vanleg å montera ei traverskran med siloklype. Fôret kunne då rivast laust og løftast rett inn på forbrettet eller på ei vogn.

Plansilo endre

Plansiloar er som oftast langsmale, to til fire meter høge, og opne i ein eller begge endar. Dei er vanligvis støypt i betong. Graset blir lagr ut i jamne tynne lag, som kontinuerleg blir pakka saman med tunge traktorar, men dei kan vera i lettaste laget. Å nytta ein middels stor hjullastar er betre. Når plansiloen er fylt opp blir massen dekt med plast for å hindre at det kjem luft til. Det blir ofte lagt ein presenning på toppen for å hindra at plasten blir skadd.

Uttak av for kan gjerast ved hjelp av traktor med frontlastar, påmontert ein høveleg gaffel. Alternativt kan ein nytta ein sokalla siloblokkuttar, som kutter blokker av fôrstabben i den eine enden av siloen.

Ein plansilo lyt dimensjonerast slik at ein har stort nok uttak til at det ikkje blir varmgang i den massen som ligg utildekt i enden av siloen under uttaket. Om det blir varmgang fører det til at foret blir skadd, slik at noko av det det må kasserest. Plansiloar gjer det muleg å fylla silon fort, slik at ein kal slå graset i rett tid. Dei høver godt på store bruk.

Forureining endre

Avrenning av pressaft frå siloar er eit forureiningsproblem. Pressafta skal samlast opp, men det har vist seg at det ofte er lekkasje mellom sluken og avløpsrøyret i tårnsiloar [2]. Ein kan redusera prseeaftmengda ved å fortørka graset til tørrstoffprosenten kjem opp på 23-35[1]. I plansiloar sig ofte regnvatn ned langs veggane og inn i siloen, slik at det blir ekstra avrenning[2].

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 T. Lunnan og M. Ebbesvik, Konservering av gras, agropub.no, 14, januar 2021.
  2. 2,0 2,1 Oppsamling og disponering av pressaft frå fôrlager Arkivert 2021-05-22 ved Wayback Machine., Statsforvaltaren i Vestland, 9. des. 2020.

Sjå òg endre