Opna hovudmenyen

Rundefjellet er namnet på heile fjellet på øya Runde i Herøy kommune på Sunnmøre.

Fjellet strekkjer seg i heile øya si lengde og går bratt ned mot havet i vest. Dei to høgste toppane på fjellet er Varden og Rundabranden. Bratthenget i vest er viden kjent som fuglefjellet på Runde, og er det største fuglefjellet i Noreg sør for Røst. Heile denne delen av fjellet er freda.