Rune Andréasson
svensk skodespelar
Rune Andréasson (fødd 11. august 1925 i Lindome ved Göteborg, død 15. desember 1999) var ein svensk teiknar og teikneserieskapar. Første serien Rune Andréasson stod bak var Äventyr blant djuren i vekebladet Allers. I 1951 dukka figuren Lille Rikard opp i Aftonbladet. Det var ein teikneserie Rune Andréasson hadde arbeidd på lenge. Denne serien gjekk i mange svenske aviser og i Alle barns blad i Noreg. I 1957 vart det utgjeve eige julehefte; Lille Rikard og katten hans.
Rune Andréasson | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 11. august 1925 Lindome församling |
Død |
15. desember 1999 (74 år) |
Yrke | skodespelar, teikneserieteiknar, animatør, filmregissør |
Språk | svensk |
Rune Andréasson på Commons |
Rune Andréasson står og bak teiknefigurane Pellefant og Bamse - verdens sterkeste bjørn.
Kjelder
endre- Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene Egmont serieforlag 2004Denne teikneserieartikkelen som har med Sverige å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.