Rune J. Skjælaaen
Rune Johan Skjælaaen (fødd 23. januar 1954 i Bergen) er ein norsk politikar for Sp. Han var innvald på Stortinget frå Hordaland frå 2001 til 2009 og var parlamentarisk leiar for Senterpartiet si stortingsgruppe juni 2008–september 2009.
Rune J. Skjælaaen | |||
Fødd | 23. januar 1954 (70 år) Bergen | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar, prest | ||
Utdanna ved | Menighetsfakultetet | ||
Alle verv |
|
Skjælaaen tok eksamen artium ved U. Phils skole, engelsklinje m/musikk 1970-1973 og cand.theol. ved Det teologiske Menighetsfakultetet 1974-1981, så eksamen på praktisk teologisk seminar ved Menighetsfakultetet 1982, rettleiarutdanning ved Senter Diakoni og Veiledning 1997 og grunn- og vidaregåande pastoralklinisk utdanning 1998-1999.
Skjælaaen var feltprest ved Akershus festning/Slottskyrkje 1983, kyrkjelydsprest i Sund prestegjeld 1983-1993, prosjektleiar ved friviljughetssentral 1992-1993 og sjukehusprest ved Diakonissehjemmets sykehuset 1993-2001.
Han er onkel til tidlegare Brann-spelar Eirik Skjælaaen.
Stortinget sitt presidentskap
endre- 2005–2009 annan varapresident i Odelstinget.
Stortingskomitear
endre- 2008–2009 medlem i Kontroll- og konstitusjonskomiteen
- 2005–2008 første nestleiar i Helse- og omsutskomiteen.
- 2005–2009 medlem i Valkomiteen.
- 2001–2005 medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen.
- 2001–2005 varamedlem i Valkomiteen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rune J. Skjælaaen» frå Wikipedia på bokmål, den 18. desember 2015.