Opna hovudmenyen

Rune Nilsen (15. september 192319. juli 1998) var ein norsk friidrettsutøvar. Nilsen gjorde det best i tresteghopp, men deltok også i lengdehopp. I tidsrommet 1946-52 vann han seks av sju NM-titlar i tresteghopp, i 1949 vart han elles dobbeltmeister då han også sigra i lengdehopp. Han representerte IF Tønsberg-Kameratene og seinare IL i BUL.

Rune Nilsen
Fødd 15. september 1923
Halden
Død

19. juli 1998
Bærum

Yrke trestegshopper, lengdehopper

AktivEndra

Nilsen vart nummer fire i tresteghopp under EM i friidrett 1950, og nummer fem i lengdehopp. To år seinare kom han på femteplassen i finalen i tresteghopp i sommar-OL i Helsingfors, då han gjorde sitt livs lengste tresteghopp på 15,13 meter.

Han vart norsk meister i tresteghopp både i 1946 og 1947. I 1948 fekk han sølv i tresteg, slått av den 36-årige veteranen Eugen Haugland som hadde hatt sine beste friidrettsår på 1930-talet. Under NM 1949 vart Nilsen dobbelmeister då han også tok NM-gullet i lengdehopp. Han var nær ved å kopiere bragda i 1950, mangla fire centimeter på gullet i lengdehopp. I juni 1950 hadde han prestert sitt aller lengste lengdehopp, på Bislett stadion landa han på 7,12 meter. Nilsen vart noregsmeister i tresteghopp også i 1951 og 1952, i 1952 tok han elles si fjerde og siste NM-medalje i lengdehopp. Også etter OL-året høyrde han til noregseliten i tresteghopp, og fekk med seg medaljar frå NM 1954 og 1955. Til saman vann han sju gullmedaljar, tre sølv- og like mange bronsemedaljar i NM-tevlingar.

Medaljar i norske meisterskapEndra

  • 1946: Gull i tresteg – 14,12 m, framom Einar Sæther (13,87), bronse i lengdehopp – 6,80 m
  • 1947: Gull i tresteg – 14,40 m, framom Petter Solemdal (13,79)
  • 1948: Sølv i tresteg – 14,29 m,bakom Eugen Haugland (14,52 m)
  • 1949: Gull i lengdehopp – 7,06 m, framom Jens Smith (6,83 m), og gull i tresteghopp – 14,22 m, framom Kaare Strøm (14,12 m)
  • 1950: Gull i tresteg – 14,58 m, framom Odd B. Giving (14,21 m) og sølv i lengde – 6,89 m, bakom Bjørn Langbakke (6,92 m)
  • 1951: Gull i tresteg – 14,50 m, framom Jakob Rypdal (14,17 m)
  • 1952: Gull i tresteg – 14,67 m, framom Olaf Aas (13,98 m), og bronse i lengdehopp – 6,79 m
  • 1954: Sølv i tresteg – 14,12 m, bakom Jakob Rypdal (14,35 m)
  • 1955: Bronse i tresteg – 13,98 m

KjelderEndra