Rune Richardsen

norsk fotballspelar

Rune Richardsen (fødd 21. september 1962) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Lillestrøm. Han var ein dribleglad midtbanespelar som vart norsk meister 1985 og seriemeister 1986 med Lillestrøm Sportsklubb. Richardsen deltok i fire landskampar i 1986-87. Også faren Oddvar Richardsen var norsk landslagsspelar.

Rune Richardsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. september 1962
Lillestrøm
Død

27. juli 2023 (60 år)

Yrke fotballspelar

Richardsen debuterte for Lillestrøm som 17-åring i 1980. Frå 1982 til 1987 hadde han rimeleg fast plass på midtbana i klubben. Han var med då Lillestrøm vann cupfinalen 1985Ullevaal stadion med 3-1 over Vålerengen. Sesongen etter vart han seriemeister med Lillestrøm, men måtte tole tap i cupfinalen same året. Lillestrøm var klare favorittar mot Tromsø Idrettslag, som derimot overraska med å vinne med heile 4 mot 1 i målprotokollen.

Frå hausten 1986 til sommaren 1987 deltok Richardsen i fire landskampar, alle saman kvalifiseringskampar til Sommar-OL 1988. Han kom ikkje på skåringslista i nokon av dei målfattige oppgjera.

Richardsen spelte frå 1988 og nokre år framover fotball på lokalt nivå på lag som Høland, Strømmen og Aurskog-Finstadbru.

Merittar endre

  • Cupmeister: 1985 med Lillestrøm
  • Seriemeister: 1986 med Lillestrøm

Kjelder endre