Strømmen Idrettsforening (Strømmen IF) er eit idrettslag i Strømmen i Akershus. Idrettslaget vart stifta i 1945 etter ein fusjon av Strømmen Fotballklubb, stifta 25. september 1911 og Strømmen Idrettslag. Per 2008 er det berre fotball, turn og friidrett som har aktivitetstilbod i Strømmen IF.

Strømmen IF
Fullt namnStrømmen Idrettsforening
Grunnlagd25. september 1911
HeimebaneStrømmen stadion
(kapasitet: 3000)
StyreleiarFlagget til Noreg Jørn Nielsen
HovudtrenarEspen Olsen
LigaOBOS-ligaen
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Klubben spelar denne sesongen i 2. divisjon fotball for menn. Noverande hovudtrenar er Espen Olsen.

Historie

endre

Foreininga fekk det noverande namnet sitt 27. juni 1945 då Strømmen Fotballklubb, stifta 25. september 1911 og Strømmen Idrettslag slo seg saman. To andre namn som har sin plass i klubbhistoria er Strømmen Ballklubb (Strømmen BK) og IL Norrøna. Strømmen Ballklubb vart stifta i 1925 og på den tida var det to fotballklubbar på Strømmen. Tre år etter stiftinga i 1911 skifta Strømmen FK namn til FK Norrøna som snart vart til IL Norrøna. Dei to klubbane IL Norrøna og Strømmen BK fusjonerte 6. mai 1935 og tok tilbake det opphavlege namnet Strømmen Fotballklubb.

Strømmen IF har gjennom tidene hatt grupper for idrettane friidrett, skøyter, handball, bandy, orientering, turn, ski, symjing, alpin og sykkel. Etter kvart har idrettane fall frå. I 1991 vart skøytegruppa lagt ned. På den tida var Johann Olav Koss medlem i klubben, og etter nedlegginga starta han ein ny skøyteklubb la Sk-94. Per 2008 er det berre fotball, turn og friidrett som har aktivitetstilbod i Strømmen IF.

Fotball

endre
 
Kretsmeistrane på Romerike 1912 og 1913 avbilda på Hesteryggen Arena (ved Jenseberget) hausten 1913.
 
Strømmen-spelarar i kamp mot Start på Strømmen stadion, august 2012.
 
To viktige Strømmen-angrepsspelarar i Adeccoligaen 2012 - Espen Olsen og Armin Sistek.

A-laget har spelt i Adeccoligaen sidan 2010. Kampane vert spelte på Strømmen stadion.

Laget kom til semifinalen i NM i 1957, og spelte i den øvste divisjonen mellom 1949 og 1961, og i 1986 og 1988.

I 2006 vann laget tredjedivisjonsavdelinga si og vart med det klare for kvalifisering til 2. divisjon. I kvalifiseringa møtte dei Ullern. Den 21. oktober 2006 vann Strømmen 6-2 på Strømmen stadion, og i returkampen vann Ullern 4-2. Dermed vann Strømmen 8-6 samanlagt og spelte 2. divisjon i 2007-sesongen. Strømmen hamna på nedrykksplass i 2007, men rykte ikkje ned, fordi Odd Grenland 2 som hamna på plassen over vart relegert til 3. divisjon etter at førstelaget rykte ned frå Tippeligaen.

Strømmen vann 2. divisjon avdeling 1 i 2009 og rykte opp til Adeccoligaen, der klubben fortsett er.

Strømmen sine supporterar er Strømmen Greyhounds, www.greyhoundsweb.no

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre