Rune Støstad

norsk politikar

Rune Støstad (fødd 1972) er ein norsk byråkrat og politikar. Han er sidan 2021 stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Oppland fylke.

Rune Støstad
Fødd8. januar 1972 (52 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, journalist
Alle verv

Støstad er utdanna journalist ved Høgskulen i Volda og sidan vidareutdanna i leiing ved Handelshøyskolen BI i Oslo. Han har vore tilsett i Norsk Rikskringkasting, Eidsiva Energi, Nord-Fron kommune og Lillehammer-Gudbrandsdal Kunnskapspark.

Frå 2011 var Størstad medlem i Nord-Fron kommunestyre, der han frå 2015 til -21 var ordførar. I 2021 vart han, saman med Rigmor Aasrud, vald inn på Stortinget som representant for Oppland og Arbeidarpartiet. Støstad vart plassert i Kommunal- og forvaltningskomiteen.

Kjelder endre