Runesteinen frå For kyrkje

Runesteinen frå For kyrkje er ein likstein frå mellomalderen frå Stod i Steinkjer kommune i Trøndelag.

Steinen er skildra av Ole Worm i 1643. Seinare vitja Gerhard Schøning For kyrkje i 1775, og Lorentz Diderik Klüwer i 1823. Begge freista å finna att steinen, men utan resultat. Men i 1863 vart ein av bygningane på prestegarden riven, og då kom steinen til rette att. Han hadde vore brukt i grunnmuren på huset. Steinen er i dag på NTNU Vitskapsmuseet i Trondheim.

Steinen er ca. 190 cm lang og er ornert med eit krossmotiv i midten. Innskrifta er ført på langs kanten. Aslak Liestøl si tolking er:

her:huil
r sra .l. metter:prester:faþer:ma
rgar...
... þsallæ iui rani akku biþir
ter fi - rrits - olhan
þorsstain gerþemi

På norrønt vert det: Hèr hvilir Sira Klemetr prestr, fađur Margar(eta). ... Biđiđ Pater Noster fyrir sàl hans. þorstain gerđi mik.

På moderne norsk vert det: «Her kviler Sira Klemet prest, far til Margareta ... Be fadervår for hans sjel. Torstein gjorde meg».

Sjå også endre

Kjelder endre

Litteratur endre