Steinkjer kommune
Denne artikkelen treng oppdatering. |
Steinkjer kommune (sørsamisk Stïentjen tjïelte) er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar mot Namsos og Overhalla i nord, Snåsa i nordaust og aust, Verdal i sør, og mot Inderøy, Åfjord og Indre Fosen i vest .
Steinkjer kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Steinkjer | ||
Areal | 2 122,06 km² | ||
- land | 1 942,05 km² | ||
- vatn | 180,01 km² | ||
Folketal | 23 955 (1. januar 2023) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Anne Berit Lein (Sp) | ||
Kommunenr. | 5006 | ||
![]() Steinkjer kommune | |||
Wikimedia Commons: Steinkjer | |||
Nettstad: www.steinkjer.kommune.no | |||
Den 1. januar 2020 vart nabokommunen Verran slått sammen med Steinkjer. Ei grensejustering gjorde at grenda Verrabotn vart lagd til Indre Fosen kommune.
Steinkjer er administrasjonssenteret i fylket. Han ligg inst i Trondheimsfjorden og er derfor tilgjengeleg med båt, noko som har gjort handel til og frå byen enkel. I dag går E6 rett gjennom byen. Trønderbanen sluttar her og Nordlandsbanen frå Trondheim går vidare nordover. Bygrensa går i nord ved Sælisvingen og i sør ved Figga.
Steinkjer er ein by som i stor grad er grunnlagt på industri og jordbruk, men han har i det siste òg markert seg som eit senter for IT
Symbolikken bak kommunevåpenet var opphavleg at seks vegar møttest i byen, men det har blitt forandra seinare slik at byen nå er midten av stjerna, mens strålane står for dei seks tettstadene i kommunen: Beitstad, Egge, Kvam, Ogndal, Sparbu og Stod.
Historie Endra
Steinkjer med småplassane Mære og Egge har vore eit historisk maktsentrum, særleg i norrøn tid og i tidleg mellomalder. Det er gjort fleire viktige arkeologiske funn i området.
Kultur Endra
Nokre av dei kulturelle hendingane som blir arrangerte i Steinkjer årleg er Steinkjerfestivalen, Steinkjermartnan, Vikingefestivalen og Risrocken. Elles er Egge museum verd å sjå.
Folk frå Steinkjer Endra
- Fredrikke Marie Qvam (1843–1938), grunnleggjar av Norske Kvinners Sanitetsforening
- Otto Sverdrup (1854–1930), polfarar
- Louise Qvam (1866–1944), lege og kvinnesaksforkjempar[1]
- Kristofer Uppdal (1878–1961), forfattar
- Ivar Asbjørn Følling (1888–1973), lege, oppdaga Føllings sykdom
- Arne Paasche Aasen (1901–1978), forfattar
- Hilmar Alexandersen (1903–1993), felespelar og komponist
- Jakob Weidemann (1923-2001), biletkunstnar
- Mona Juul (f. 1959), ambassadør
- Silje Nergaard (f. 1966), jazzvokalist
- Anders Bardal (f. 1982), skihoppar
Kjelder Endra
- ↑ «Louise Gram Qvam (1866–1944) – lokalhistoriewiki.no», lokalhistoriewiki.no, henta 30. mai 2020
Bakgrunnsstoff Endra
- Steinkjer kommune sine heimesider
- Steinkjerpuls Arkivert 2005-02-12 ved Wayback Machine. - Kva skjer i byen?
- Steinkjer Turistkontor Arkivert 2007-05-14 ved Wayback Machine.
- Vikingefestivalen
- Steinkjer-Avisa
- Trønderavisa
- HINT Arkivert 2015-08-01 ved Wayback Machine. - høgskolen i Nord Trøndelag
- Historie og kulturlandskap