Runesteinen ved Anda
Runesteinen ved Anda er ei flyttblokk med to runeinnskrifter ved Andaneset i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Staden ligg rett vest for ferjeterminalen ved Anda, på fergesambandet Lote-Anda på E39. Runesteinen er registrert av Riksantikvaren med ID nr. 72923.
Steinen ligg heilt ute på neset mellom Nordfjorden og Gloppefjorden. Det har gjennom tidene vore godt kjent i lokalmiljøet at det var hogd inn teikn på han. I verket Norsk Folkekultur (1916) vert dei omtalt som moglege runer. I 1939 kom Haakon Shetelig til staden og kunne konstatera at det dreidde seg om ekte runeinnskrifter. Hausten same år vart innskriftene dokumenterte av Håkon Hamre og publiserte året etter.
Innskrift I er:
- h(er) (e)r gull ok uilur un(d)ir
Aslak Liestøl tolkar dette som: Hèr er gull ok villur undir. På moderne norsk vert det «Her er (det) gull og hekseri under».
Innskrift II er utydelig, men Liestøl meiner å lesa:
- þair luþnaukþu...
På moderne norsk vert det: «Dei, Lodin og Tor ...».
Begge innskriftene vert rekna å vera frå 1000-talet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Runesteinen ved Anda» frå Wikipedia på bokmål, den 23. november 2019.
Litteratur
endre- Norges innskrifter med de yngre runer. Norsk historisk kjeldeskrift-institutt. s. 22ff.