59°54′48″N 10°43′32″E / 59.91333°N 10.72556°E / 59.91333; 10.72556

Ruseløkka skule
SkuletypeBarne- og ungdomsskule, 1.–10. trinn
Org.nummer974590131
Grunnlagd1871, nytt bygg opna i 2021
ArkitektHenrik Thrap-Meyer
KommuneOslo
BydelFrogner
AdresseLøkkeveien 15
Nettstadhttps://ruselokka.osloskolen.no/
Kart
Ruseløkka skule
59°54′48″N 10°43′32″E / 59.91329111°N 10.72567611°E / 59.91329111; 10.72567611

Ruseløkka skule var ein 1–10-skule (barne- og ungdomsskule) på Ruseløkka i bydel Frogner i Oslo. Skulen var teikna av arkitekt Henrik Thrap-Meyer og vart etablert i 1871. Han var matrikulert til Løkkeveien, sentralt i Oslo, nær Nationaltheatret stasjon.

Ruseløkka skule stod klar i 1871. I 1891 fekk skulen bygd ein tredje etasje og overlærarbygning. I 1938 fekk han endå ein etasje og to nye fløyer.

Under andre verdskrigen rekvirerte den tyske okkupasjonsmakta skulen og brukte han som kaserne med namnet Kaserne Ostpreussen. Under skulen vart det bygt bunker for den tyske etterretningstenesta. Etter krigen overtok Forsvarets overkommando og E-tenesta denne såkalla Ruseløkkabunkeren, og dreiv herfrå etterretning og overvaking av telefonar (som då berre var fastnett-telefonar) i Noreg heilt fram til 1989, mellom anna skildra i rapporten frå Lund-kommisjonen i 1996. Heimevernets distrikt HV-02 Oslo og Akershus har deretter nytta bunkeren som lager og møterom i ei periode, fram til bunkeren vart teken ut or bruk og avstengt[1].

Skulen er omtala som eit av dei monumentale skulebygga i Oslo på nettstaden til Oslo kommunes byarkiv, men vart likevel vedteken riven i 2017.[2] Etter lokale protestar vart rivinga forseinka, men beslutninga om å rive vart stadfesta av Byrådet hausten 2017,[3] og i juni 2018 var rivinga i gang.[4]

Ruseløkka skulekorps endre

Ruseløkka skulekorps vart stifta 3. mars 1933. Korpset samarbeider med Oslo musikk- og kulturskule.

Rektorar endre

  • 2008-2011, 2012-2014: Elin Tinderholt Brandsæter (til Fagerborg skule)
  • 2011-2012: Gro Kindem Nordstrand (fungerande)
  • 2014-: Merete Hansen

Planar om nytt skulebygg endre

Det er planlagt ny skule på Ruseløkka med ferdigstilling i 2020.[5]

Bilete endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre