Rusenski Lom (bulgarsk Русенски Лом) er ei elv nordaust i Bulgaria, og den siste store sideelva til Donau frå høgre. Ho oppstår der elvane Beli Lom og Tjserni Lom renn i hop. Beli Lom har sitt utspring sør for Razgrad, medan Tsjerni Lom har sitt utspring søraust for Popovo.

Rusenski Lom
elv
Land  Bulgaria
Lengd 196,9 km
Kjelde Nær Razgrad i Bulgaria
 - høgd 360 moh.
Munning Nær Ruse i Bulgaria
 - høgd 18 moh.
Kart
Rusenski Lom
43°30′N 25°34′E / 43.5°N 25.56°E / 43.5; 25.56
Wikimedia Commons: Rusenski Lom

Kjelda til Beli Lom ved 43°24′N 26°40′E, 360 meter over havet, vert stort sett rekna som startpunktet for Rusenski Lom. Før dei renn i hop har Tjserni Lom ei lengd på 130 km og eit nedslagsfelt på 1 549 km², medan Beli Lom er 140 km lang med eit nedslagsfelt på 1 276 km². Begge elvane renn hovudsakleg nordvestover, der Beli Lom renn vestover ved Senovo og Tsjerni Lom renn nordaustover etter Sjirokovo. Dei to elvene renn i hop nær Ivanovo. Rusenski Lom munnar ut i Donau ved byen Ruse, som har gjeve namn til elva. Den totale lengda til elva vert då 196,9 km.

Kjelde endre