Russeblåstjerne
planteart
Russeblåstjerne (Othocallis siberica) er ei plante i russeblåstjerneslekta i aspargesfamilien.[1] Arten kjem opphavleg frå den sørlege delen av europeisk Russland og Vest-Asia.[2] Arten var tidlegare rekna til snøstjerneslekta med det vitskapelege namnet Scilla siberica, og i hagebrukssamanheng blir arten framleis ofte omtalt som Scilla.
Russeblåstjerne | |
Status | |
Status i Noreg: Framandart med høg risiko | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Aspargesfamilien Asparagaceae |
Underfamilie: | Scilloideae |
Stamme: | Hyacintheae |
Understamme: | Hyacinthinae |
Slekt: | Othocallis |
Art: | Russeblåstjerne O. siberica |
Vitskapleg namn | |
Othocallis siberica (Haw.) Speta
|
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla i 1893. Arten er naturalisert og i rask auke og er ganske vanleg på Austlandet og langs kysten til Rogaland, derifrå meir spreidd til Troms. Han går opp til 650 m ved Røros.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med høg risiko (HI).[3]
Kjelder
endre- ↑ «Artsdatabanken: Russeblåstjerne». Artsdatabanken. Henta 8. mars 2023.
- ↑ 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 220.
- ↑ «Fremmedartslista 2023: russeblåstjerne Othocallis siberica (Haw.) Speta». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) russeblåstjerne hos Artsdatabanken
- (en) russeblåstjerne i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) russeblåstjerne hos Dyntaxa
- (en) russeblåstjerne hos The International Plant Names Index
- (en) russeblåstjerne hos Tropicos