Russell West-breen
Russell West-breen er ein isbre, 11 nautiske mil (20 km) lang og 4 nautiske mil (7 km) brei, som ligg like nord for Detroit Plateau og flyt frå Mount Canicula vestover ut i Bone Bay på nordsida av Trinityhalvøya. Denne isbreen flyt i lag med Russell East-breen austover og ut i Prince Gustav Channel på sørsida av Trinityhalvøya, og dannar ein kanalisbre over norddelen av Den antarktiske halvøya. Han vart først kartlagt i 1946 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS). Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter V.I. Russell, som var landmålar and leiaren for FIDS-baseen ved Hope Bay i 1946.
Russell West-breen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Trinityhalvøya | ||
- koordinatar | 63°40′S 58°50′W / 63.667°S 58.833°W | ||
Lengd | 20 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Russell West-breen 63°40′00″S 58°50′00″W / 63.6667°S 58.8333°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Russell West Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).