Rut (hebraisk רוּת, Rûṯ; gresk Ῥούθ, Rhoúth) er hovudpersonen i Ruts bok i Bibelen.[1] Ho var frå Moab, men gjekk over til israelittane sin religion. Kvinnenavmet Rut eller Ruth er hebraisk og kjem truleg frå eit ord for «lagkamerat» eller «ven».

Rut

Studie til Ruth Gathering Wheat av Edwin Long (1829–1891)
FøddMoab
DødKanaan
GravstadTomb of Jesse and Ruth
LandMoab
EktefelleBoas, Mahlon
BarnObed
Ruth og Noomi. Europeisk illustrasjon frå 1500-talet.
Rut og Boas. Penneteikning av Rembrandt.

Rut og Orpa var to moabittiske kvinner som var gifte med dei israelittiske brørne Mahlon og Kiljon, som var søner av Elimelek og Noomi. Begge brørne døydde ganske tidleg. Då ville Noomi, som allereie var enkje, venda heim til Juda og bad svigerdøtrene om å dra tilbake til familiane sine. Orpa drog til slutt av stad, men Rut nekta og sa: «Tving meg ikkje til å skiljast frå deg og venda attende, for:[2]

Der du går, vil eg gå,
og der du bur, vil eg bu.
Ditt folk er mitt folk,
og din Gud er min Gud.

Der du døyr, vil eg døy,
og der vil eg bli gravlagd.

Rut og Noomi levde eit fattig liv i Israel. Dei overlevde ved at Rut plukka kornaks som låg igjen etter onna. Ein dag medan ho gjorde dette blei ho lagt merke til av Boas, som eigde åkeren og var i slekt med Noomi. Rut blei oppfordra av svigermor si til å nærnma seg Boas, og etter ei tid blei dei to gifte. Dei fekk sonen Obed, og Rut blei dermed stammor til blant andre kong David.

Kjelder endre

  1. Johnstad, Gunnar (1983). Navn i Bibelen (på norsk). Henta 16. februar 2018. 
  2. Rut 1,16–17