Rembrandt
Rembrandt Harmenszoon van Rijn (15. juli 1606–4. oktober 1669) var ein nederlandsk målar, teiknar og grafikar. Han blir rekna som ein av dei mest sentrale målarane i barokken og den viktigaste nederlandske målaren på 1600-talet. Ved sida av at han er kjent for dei mange måleria sine, var han òg ein særs dyktig teiknar og grafikar. Rembrandt levde og virka i ein periode som historikarar kallar den hollandske gullalderen, ein periode som stort sett var på 1600-talet. I denne perioden nådde kulturen, vitskapen, handelen, den militære styrken og dei politiske innverknadane i Nederland eit høgdepunkt.
Rembrandt | |
![]() | |
Fødd | 15. juli 1606 Leiden |
Død |
4. oktober 1669 (63 år) |
Yrke | kunstmålar, teiknar, grafikar, kunstsamlar, raderer, samlar |
Rembrandt på Commons |
Verk (i utval)Endra
- Sjølvportrett (1629)
- Doktor Tulp si anatomiførelesing (1632)
- Krossnedtakinga (1634)
- Danaë (1636)
- Nattevakta (eigentleg Kaptein Banning Cocqs kompani eller Skyttargildet) (1642)
- Nattverd i Emmaus (1648)
- Mann med gullhjelm (1650)
- Slakta okse (1655)
- Bataverna si truskapseid (1661)
- Claudius Civilis si eidsavlegging (1661)
- De Staalmeesters (1662)
- Jødebruda (1665)
- Heimkomsten til den fortapte sonen (1668)
BakgrunnsstoffEndra
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rembrandt