Rutensk
(руськъ, rusǐkǔ)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Slavisk
  Austslavisk
   Rutensk
Bruk
Utdøydd: Utvikla seg til kviterussisk, rusinsk og ukrainsk.
Språkkodar

Rutensk var eit austslavisk språk som blei tala i Storfyrstedømet Litauen og seinare i dei austslaviske områda i den polsk-litauiske realunionen. Det utvikla seg til moderne kviterussisk, ukrainsk og rusinsk. Desse blir kalla rutenske språk.

Andre namn endre

I moderne tekstar kan rutensk bli omtalt som «gammalkviterussisk» (Старабеларуская мова, Starabelaruskaja mova) og «gammalukrainsk» (ukrainsk Староукраїнська мова, Staroukraіnska mova). Rutensk var daglegspråk i Kievriket, der det offisielle språket var kyrkjeslavisk. Rutensk blei og blir ofte kalla проста (я) мова (prosta (ja) mova, 'enkelt språk'. Samtidige kjelder skil berre sjeldan mellom målføret i Storfyrstedømet Litauen og det i Fyrstedømet Vladimir.

Kjelder endre