Kyivriket

(Omdirigert frå Kievriket)

Kyivriket (òg kjent som Kyiv-Rus eller Rus’; ukrainsk Київська Русь, Kyjivs’ka Rus’; russisk Киевская Русь, Kijevskaja Rus’, kyrkjeslavisk Кыѥвьска Рѹсь, Kyjev’ska Rus’, stundom vert den noko unøyaktige forma Kyiv-Russland òg nytta på norsk) var ein stat som eksisterte frå om lag 880 til midten på 1100-talet. Sentrum i riket låg i Dneprdalen i dagens Ukraina og omfatta òg dagens Kviterussland og sentrale delar av det som i dag er den europeiske delen av Russland, ikke minst Opolje-området nordaust for Moskva med byar som Vladimir, Suzdal og Jaroslavl.

Kyivriket på 1000-talet

Riket var den første slaviske statsdanninga. Sentralt i danninga av riket var nordiske varjagar, spesielt Oleg av Novgorod.

Skal ein tru den såkalla Nestorkrønika, som blei skriven i Holeklosteret i Kyiv omkring år 1100, blei riket grunnlagt av den skandinaviske hovdingen Rurik i året 862. Krøniken fortel om ein skandinavisk hovding som blei bede av dei slaviske og finske stammene i Nord-Russland om å kome og herske over dei. Landet vårt er stort og rikt, men det er ikkje nokon orden der, sa dei finske og slaviske stammene til Rurik, etter kva krønika fortel. Rurik slo seg ned i Aldeigjuborg, byen som i dag heiter Staraja Ladoga, som ligg like sør for Ladoga. Etterfølgarane til Rurik skaffa seg så kontroll fyrst med Novgorod og sidan med Kyiv. Då Kyiv blei innteke av dei skandinaviske varjagaene, hadde dei skaffa seg kontroll med mesteparten av handelsruta frå Austersjøen til Svartehavet, sjølve hovudvegen frå Skandinavia til Konstantinopel. Opplysningane om kva som skjedde då Kyiv-riket blei grunnlagt, er sjølvsagt ikkje pålitelege, men speglar dei minna ein hadde meir enn 200 år seinare om det som var hendt. At det var eit sterkt skandinavisk element blant dei som la grunnen for riket, er det liten grunn til ikkje å tru.

På 1200-talet gjekk staten i oppløysing, mellom anna på grunn av mongolinvasjonen og mindre handel etter plyndringa av Konstantinopel under det fjerde krosstoget. Kyivriket blei etterfølgd av fleire småstatar, mellom anna Vladimir-Suzdal, Galitsj-Volynia og Republikken Novgorod.

Sjå òg endre