Ruth Lillegraven
Ruth Lillegraven (fødd 21. oktober 1978)[1] er ein norsk forfattar frå Granvin.[2]
Ruth Lillegraven | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. oktober 1978 (46 år) Granvin herad |
Yrke | lyrikar |
Periode | 2005- |
Debut | Store stygge dikt |
Ruth Lillegraven på Commons |
Lillegraven er no busett i Lommedalen i Bærum.[2]
Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005[3], og har sidan skrive fleire biletbøker, ein roman og diktsamlingane Urd og Manilahallen.[4] For Urd fekk ho Brageprisen i 2013.[5]
Ho har dessutan arbeidd i Det Norske Samlaget, og jobbar no i Samferdselsdepartementet.
Bøker
endre- 2005 – Store stygge dikt – Diktsamling
- 2011 – Mari og Magnus flyttar inn – Biletbok, illustrert av Inger Landsem
- 2011 – Mellom oss – Roman
- 2012 – Mari og Magnus og smokketjuven – Biletbok, illustrert av Inger Landsem
- 2013 – Mari og Magnus får katt – Biletbok, illustrert av Inger Landsem
- 2013 – Urd – Diktsamling
- 2014 – Mari og Magnus hos bestemor – Biletbok, illustrert av Inger Landsem
- 2014 – Manilahallen – Diktsamling
- 2015 – Atlanten – Diktsamling
- 2016 – Eg er eg er eg er – Diktsamling
- 2016 – Sigd – Diktsamling
- 2018 – Cally – Skodespel
- 2018 – Alt er mitt – Roman
- 2020 – Dette er andre dagar – Diktsamling
- 2020 – Dei svarte svanene – Barnebok
- 2020 – Hytta som forsvann – Barnebok
- 2021 – Av mitt blod – Roman
Prisar og utmerkingar
endre- 2012 – Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond[6]
- 2013 – Brageprisen for Urd[5]
- 2013 – Bokbloggarprisen (open klasse) for Urd
- 2013 – kåra til Årets namn av lesarane til avisa Hordaland[7]
Referansar
endre- ↑ ««Ruth Lillegraven»». forfatterkatalogen.no. Henta 16. august 2016.
- ↑ 2,0 2,1 «Ruth Lillegraven». Nettstaden til Tiden Norsk Forlag. Henta 10. februar 2012.
- ↑ Tom Stalsberg (27. oktober 2005). «12 runder poesi». dagbladet.no. Henta 10. februar 2012.
- ↑ Cornelius Jakhelln (22. august 2013). ««Skjebneveven»». Morgenbladet. Henta 26. september 2013.
- ↑ 5,0 5,1 ««Bragepris til Ruth Lillegraven»». Hordaland.
- ↑ ««Pris til ung, lovande nynorskforfattar»». Nettstaden til Det Norske Samlaget. 3. mai 2012.
- ↑ Ørjan Brattetveit og Elin Madsen (28. desember 2013). ««Frå Bragepris til Årets namn»». avisa-hordaland.no, Hordaland.