Ryggsekk er ein sekk til å bere på ryggen i reim over skuldrene og eventuelt supplert med eit hofteberebelte. Ryggsekkar er populære for å frakte eigendelar under reiser og utflukter. Beresystema på moderne ryggsekkar er utvikla med tanke på anatomi, vektfordeling og berekomfort. Ryggsekkar finst i fleire storleikar og dei mindre variantane er vanlege som skulevesker.

Ryggsekk

Ryggsekkar er ofte brukt av vandrarar og studentar, og er til vanleg føretrekt framfor handvesker for å bere tunge saker, sidan hendene har avgrensa kapasitet til å bere tungt over lengre tid.

Større ryggsekkar, brukt for å bere laster over 10 kilogram, i tillegg til mindre sportsryggsekkar, fører vanlegvis den største delen av vekta til hofta gjennom polstra hoftebelte, medan skulderreimene i hovudsak bidreg til balansering av vekta. Dette aukar potensialet for å bere meir i sekken, ettersom hoftene er sterkare enn skuldrene, og aukar også balansen og smidigheita, sidan vekta er konsentrert nærare massesenteret til beraren av ryggsekken.

Kjelder

endre