Ei handveske er ei mindre veske til å bere i handa.[1] Forma og utsjånaden til handvesker har endra seg mykje med moten, og det er blitt utvikla luksusutgåver av dei. Storleiken kan variera frå mikrovesker til kjempevesker.

Brun handveske

Historie endre

Eit tidleg døme på ei veske som kan kallast ei handveske er ei kvinneveske frå Irak frå 1300-talet. Veska er laga av messing med inkrustering av gull og sølv, og er den einaste ein kjenner til i sitt slag.[2][3] Ho kan ha vore laga for ei adelskvinne frå det mongolske Il-Khanid-dynastiet (1256-1353).[4] Veska blei truleg boren for kvinna av ein tenar.[5]

Elles har ein i mange drakttradisjon brukt lause lommar eller vesker som ein kunne henga i beltet.[6] Japansk inro, norsk bunadveske og skotsk sporran er døme på dette.

På 1700-talet endra den europeiske kvinnemoten seg til å ha ein slank, straumlinjeforma figur som ideal. Vesker hengande i livet passa ikkje inn i denne. I staden kunne ein ha ein pompadur ved handleddet. Desse kunne vera av fløyel eller silke og vera fint dekorerte.[7] Menn byrja i staden å få innsydde lommar i buksene.[8]

Mot slutten av 1800-talet blei det vanlegare for kvinner å halda eigedelane sin samla og skjulte i ei veske når dei var ute i det offentlege. Dette kunne symbolisera fridom og sjølvstende for dei, på same måte som større vesker med skulderreimer gjorde det for kvinner tidleg på 1900-talet.[6]

Galleri endre

Mote- og samleobjekt endre

Handvesker kan vera ein del av eit mote-ensemble, og lagast i ei rekkje ulike typar skinn, tekstil eller kunststoff. Dei kan pyntast med saum, broderi, perler, edelsteinar og liknande. Frå 1920-talet laga gullsmedar som Cartier luksusvesker med diamantar, rubinar, safirar, smaragdar og perler.[6]

Handvesker kan vera ettertrakta luksusgjenstandar med høge prisar. Dette gjeld til dømes Birkin-veska frå motehuset Hermès.[10] I 2018 selde auksjonshuset Christie’s eit eksemplar av ei slik veske, som avbilda Himalaya og var pynta med kvitt gull og diamantar, for 267 500 britiske pund.[11]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «handveske» i Nynorskordboka.
  2. «Fashion in 14th century Mosul: a new exhibition at the Courtauld Gallery - Asian and African studies blog», blogs.bl.uk, henta 28. mars 2020 
  3. «The world's oldest handbag?». BBC News (på engelsk). 21. februar 2014. 
  4. «The Courtauld Metal Bag», The Courtauld Institute of Art (på engelsk), arkivert frå originalen 28. mars 2020, henta 28. mars 2020 
  5. Brown, Mark; correspondent, arts (19. februar 2014). «A handbag? Courtauld Gallery opens up identity of 700-year-old treasure». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Perthuis, Karen de, «The story of ... the handbag», The Conversation (på engelsk), henta 19. august 2020 
  7. Hagerty, Barbara G. S. (2002). Handbags: a peek inside a woman's most trusted accessory. Running Press Book Publishers. s. 14–5. ISBN 0-7624-1330-1. 
  8. Burman, Barbara; Turbin, Carole (2003). Material Strategies: Dress and Gender in Historical Perspective. Wiley-Blackwell. s. 83–4. ISBN 978-1-4051-0906-2. 
  9. «Los Angeles County Museum of Art». Collectionsonline.lacma.org. Arkivert frå originalen 24. oktober 2011. Henta 30. november 2012. 
  10. «Episode 672: Bagging the Birkin», NPR.org (på engelsk), henta 30. juni 2020 
  11. «Want to bag a fashion fortune?», Financial Times, henta 30. juni 2020