Sekk (norrønt sekkr[1]) er ein stor, mjuk og poseforma behaldar som kan brukast som emballasje for tørre varer korn, potet, sukker, bomull, ved, koks og sement. Historisk laga ein sekkar av skinn eller naturstoff som lerret eller strie. I moderne tid bruker ein også kraftpapir og plast.[2] Plastsekkar vert ofte nytta til søppel.

Ein striesekk.

Sekk som måleining endre

Ofte blei sekkar laga for å romma ei viss mengd av ei bestemt vare, og kunne derfor gå over til å bli ei volum- eller masseeining for denne vara. Som masseeining kunne det for eksempel vera 100 eller 200 pund (cirka 50 eller 100 kilogram), men variasjonene var store, både fra vareslag til vareslag og frå land til land.[2]

I Skandinavia blei «sekk» nytta som eining for å telja småskinn, som til dømes ekorn- og røyskattskinn. Ein sekk tilsvara 5 timber eller 2 tirøtt hundre (altså 200) skinn.

Ein tønnesekk er ein sekk med same rommål som ei tønne.[3]

Sekk til bagasje endre

Skipssekk ellersjømannssekk er ein sekk tradisjonelt brukt av sjøfolk til å bera kleda sine i.

Den moderne ryggsekken har utvikla seg frå ein sekk med reimer til å bera på ryggen.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «sekk» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 «sekk». Store norske leksikon (på norsk). 3. juli 2018. 
  3. «tønnesekk » i Nynorskordboka.