Ryhor Andrejevitsj Kastusiow, belarusisk Рыгор Андрэевіч Кастусёў, russisk Grigorij Andrejevitsj Kastusiov (fødd 17. april 1957 i Tsiakhtsin i Mahiljaw-provinsen) er ein belarusisk politikar og nestleiar i BNF-partiet. Han var kandidat ved presidentvalet i Belarus i 2010.

Ryhor Kastusiow

Fødd17. april 1957 (66 år)
Tsiakhtsin
Statsborgar avBelarus
PartiBNF-partiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedDet belarusiske statlege landbruksakademiet
BarnHalina Antonchyk, Kaciaryna Kastusiova, Andrej Kastusiou

Kastusiow engasjerte seg i politikken under dei politiske omveltningane i Sovjetunionen og Belarus frå 1989 av. Han melde seg inn i Den belarusiske folkefronten (BNF), som i 2005 offisielt endra namn til BNF-partiet. Han vart nestleiar i partiet i 2009. Han var kandidat ved parlamentsval i Belarus i 2004 og 2008 utan å bli vald inn. Ved presidentvalet i 2006 støtta han den demokratiske opposisjonen sin felles kandidat, Aljaksandr Milinkjevitsj. Ved presidentvalet 19. desember 2010 var han sjølv BNF-partiet sin kandidat. Ifølgje dei offisielle valresultata kom han på fjerde plass i valet, med 2,0 % av røystene. Valet vart ikkje rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar. Kastusiow vart arrestert etter demonstrasjonar mot måten valet vart arrangert på same kvelden, men vart sleppt fri allereie dagen etter.[1] Han var den einaste kandidaten som leverte inn ein klage på valet til den sentrale valkomiteen innanfor fristen på tre dagar etter valet. Dei fleste av dei andre opposisjonskandidatane sat i denne tida fengsla.[2]

Ved presidentvalet i 2015 støtta han kandidaturet til Tatstsiana Karatkjevitsj, kandidaten til BNF-partiet. I 2017 vart han vald til leiar i dette partiet.

Fotnotar endre

  1. "Наши арестанты в Минске" frå Gazeta.ru, 21. desember 2010, på russisk
  2. Nasja Niva (nn.by), på belarusisk