Ryszard Skowronek

Ryszard Skowronek (fødd 1. mai 1949) er ein polsk tidlegare friidrettsutøvar frå Jelenia Góra. Han vart i 1974 europameister i tikamp.

Ryszard Skowronek
Statsborgarskap Polen
Fødd 1. mai 1949 (74 år)
Jelenia Góra
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972

Skowronek deltok i EM i friidrett 1971 og Sommar-OL 1972, utan å fullføre tikampen i korje. I 1973 vann han tikampen ved Universiaden i Moskva med 7 965 poeng, 62 poeng over den olympiske meisteren Mykola Avilov. Under EM i friidrett 1974 i Roma presterte Skowronek sitt livs beste tikamp. Etter den fyrste dagen låg han låg på tredjeplass, men særleg 5,10 meter i stavhopp andre dagen gav poeng-overskot i høve konkurrentane. Med 8 207 poeng (8 229 poeng etter 1985-tabellen) og polsk rekord, vann han gullmedaljen framom franske Yves Leroy på 8 146 poeng og vesttyske Guido Kratschmer på 8 132 poeng. Ved dei olympiske sommarleikane i Montreal vart Skowronek nummer 5 med sine 8 113 poeng.

Skowronek var polsk meister i tikamp i 1973, 1976 og 1977.

Kjelder endre