Ryukyuspråk

(Omdirigert frå Ryukyu-språk)

Ryukyu-språka (altenativt namn: hogen) er den eine greina av japansk-ryukyu-språkfamilien. Den interne klassifiseringa av ryukyu-språka er det ein del usemje om, forskarane er likevel samde om at det er seks ulike ryukyu-språk. Dei blir alla snakka på Ryukyu-øyene, ei øygruppe som strekkjer seg frå Japan ned mot Taiwan.

Ryukyuspråk
Klassifisering: japansk-ryukyu-språk
Ryukyuspråk
Vidare inndeling:
Område: Ryukyuøyene

Språk endre

Språka er relativt nært kvarandre, talarar av dei mindre språka kan også okinawa. Avstanden mellom ryukyu-språka og japansk er større enn t.d. avstanden mellom engelsk og tysk.

Etter at Ryukyu-øyene vart annekterte av Japan på slutten av 1800-talet har det vorte ført ein sterk assimileringspolitikk frå Japan si side. På Okinawa-øya er det svært sjeldan at ungar lærer anna enn japansk, og sjølv om okinawa er det største av ryukyu-språka, har det få talarar under 20 år. Også dei andre språka har få unge morsmålstalarar.