Sámiid Riikkabellodat

(Omdirigert frå Sámiid Riikabellodat)

Sámiid Riikabellodat (samelandspartiet), er eit samisk politisk parti i det svenske sametinget. Partiet vart danna i samband med at sametinget vart oppretta i 1993 som den politiske greina av Svenska Samernas Riksförbund. Under sametingets første mandatperiode vart organisationen delt og den partipolitiske delen vart fristilt frå riksförbundet. Partiet tok då namnet Sámiid Riikabellodat. Delinga var likevel ikkje ei splitting, men ei organisatorisk omstrukturering, og partiet held fram med å drive politikken sin i samråd med riksförbundet sine oppfatningar. Partileiar er Lars-Anders Baer.

Valresultat og regjeringsperiodar

endre

1993 fekk partiet 23,8 % (7 mandat i sametingsfullmäktige) av røystene i sametingsvalet, og danna regjering med fire andra parti. I 1997 tapte partiet regjeringsmakta, med berre 19,1% (6 mandat) av røystene, men i 2001 kunne dei på nytt danne regjering. Denne gongen i lag med Skogssamerna, Min Geaidnu og Laahkoeh. I valet 2005 fekk partiet 8 mandat.