Sándor Torghelle

ungarsk fotballspelar

Sándor Torghelle (fødd 5. mai 1982) er ein ungarsk fotballspelar, som i 2010/11-sesongen spela for Fortuna Düsseldorf i tysk 2. Bundesliga. Han har spelt for klubbar i England, Hellas, og Tyskland.

Sándor Torghelle
Personleg informasjon
Fullt namn Sándor Torghelle
Fødd 5. mai 1982
Fødestad Budapest
Høgd 185 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Fortuna Düsselforf
Nummer 14
Ungdomsklubbar
-1999
1999-2002
Ungarn Marcali
Ungarn Budapest Honvéd
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2000-01
2001-02
2002-03
2003-04
2004-05
2005-06
2006-07
2007-08
2008-10
2010-
Ungarn Budapest Honvéd
Ungarn Marcali
Ungarn Budapest Honvéd
Ungarn MTK Budapest
Crystal Palace
Hellas Panathinaikos
Hellas PAOK
Tyskland Carl Zeiss Jena
Tyskland Augsburg
Tyskland Fortuna Düsseldorf
18 (4)
22 (7)
27 (10)
22 (9)
12 (0)
11 (0)
24 (1)
27 (8)
48 (14)
0 (0)
Landslag
2002-03
2004-
Ungarn Ungarn U21
Ungarn Ungarn
7 (2)
42 (11)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 20. februar 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 3. mars 2010

Torghelle kom med på det ungarske A-landslaget medan han spelte for MTK Budapest og vekte merksemd då han skåra begge måla då Ungarn slo Tyskland 2-0 i ein vennskapskamp 6. juni 2004. I 2004 drog han frå Ungarn til Crystal Palace i engelsk Premier League for om lag 750 000 pund. Han hadde problem med å koma med i startoppstillinga til Palace og skåra ingen seriemål i sesongen sin der. Palace rykte ned på slutten av sesongen, og Torghelle vart lånt ut til Panathinaikos for 2005/06-sesongen. Der skåra han heller ingen seriemål, og etter éin sesong gjekk han til PAOK i Thessaloníki. Etter eitt seriemål på éin sesong i PAOK gjekk han til Carl Zeiss Jena i 2. Bundesliga i Tyskland. Der begynte han å skåra mål, men då Jena rykte ned etter 2007/08-sesongen gjekk Torghelle vidare til Augsburg, også i 2. Bundesliga, og i 2010 til Fortuna Düsseldorf i same divisjonen.

Torghelle har også vore spiss for Ungarn sitt landslag.

Kjelder

endre