Så går vi rundt om en enebærbusk

(Omdirigert frå Så går vi rundt)

«Så går vi rundt om en enebærbusk» er ein songleik som ofte er bruka på juletrefestar. Folket stiller seg opp i ein stor ring, hand i hand. Så syng ein teksten, medan ein med rørsler demonstrerer handlinga i songen. Ofte plar dei som leikar skifte retning mellom kvart refreng.

Songen er kjend frå Danmark og Noreg, og er omtalt i Danmarks sanglege frå 1931 og i Bernt Støylen: Norske barnerim og leikar frå 1899.

Leiken stammar kanskje frå England, der han er kjend som «Here We Go Round the Mulberry Bush». Skikken med å danse rundt tre, er eldgammal.

Kjelder endre

  • Sverre Mogård Larsen (1997): Leik- og sangtradisjon på Helgeland fra 1. halvdel av 1900-tallet. ISBN 82-7866-004-2

Bakgrunnsstoff endre