Sílvia Alberto (fødd 18. mai 1981 i Lisboa) er ein portugisisk programleiar og skodespelar. Ho byrja karrieren i 2000 som programleiar for Clube DisneyRTP1.[1] Ho er ansatt hos ålmennkringkastaren RTP og var ein av programleiarane for Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa.[2]

Sílvia Alberto

Fødd18. mai 1981 (43 år)
FødestadLisboa
Aktive år2000–
Verka somprogramleiar, skodespelar, filmskodespelar

Karriere

endre

Alberto studerte teater ved Film- og teaterskulen i Lisboa (Escola Superior de Teatro e Cinema) før ho byrja som programleiar ved RTP. Blant anna har ho leia Festival da Canção, det portugisiske svaret på Melodi Grand Prix, sju gongar.[3] Ho har også vore programleiar for Dança Comigo (den portugisiske versjonen av Skal vi danse?) i tillegg til talentshowa Operação Triunfo og Aqui há talento.[4][5]

Alberto jobba også tre år ved den kommersielle kringkastaren Sociedade Independente de Comunicação (SIC) der ho leia dei to fyrste sesongane av Ídolos (den portugisiske versjonen av Idol) og Globos de Ouro i 2004 (den portugisiske versjonen av Golden Globe).[6]

I mai 2018 var Alberto programleiar for Eurovision Song Contest 2018 saman med Catarina Furtado, Daniela Ruah og Filomena Cautela.[7]

Kjelder

endre
  1. Portugal, Rádio e Televisão de. «CLUBE DISNEY - Infantis e Juvenis - RTP». www.rtp.pt. Henta 30. januar 2018. 
  2. «Who are Eurovision 2018 presenters Filomena Cautela, Sílvia Alberto, Daniela Ruah and Catarina Furtado?». The Sun (på engelsk). 10. januar 2018. Henta 30. januar 2018. 
  3. «SILVIA ALBERTO: "Merda, merda" no Festival da Canção». ELEgante (på portugisisk). 6. mars 2017. Henta 30. januar 2018. 
  4. Portugal, Rádio e Televisão de. «AQUI HÁ TALENTO - Concursos - RTP». www.rtp.pt. Henta 30. januar 2018. 
  5. «Sílvia Alberto». IMDb. Henta 30. januar 2018. 
  6. «Eurovision 2018: Who is Silvia Alberto? - ESCToday.com». Eurovision News, Polls and Information by ESCToday (på engelsk). 12. januar 2018. Henta 30. januar 2018. 
  7. «Here come the girls! Presenters of Eurovision 2018 revealed!». eurovision.tv. 8. januar 2018. Henta 30. januar 2018.