Södra Skogsägarna eller berre Södra har hovudkontor i Växjö, i Sverige. Södra er Sveriges største skogeigarforening. Södra hadde i 2003 35 000 medlemmar som eigde over 2,1 millionar hektar skog i Götaland. Same år omsette foreininga for 13 milliardar svenske kroner.

Södra er delt inn i Södra Cell, Södra Skog, Södra Skogsenergi, Södra Timber og Gapro. I Noreg hadde konsernet to massefabrikkar; Södra Cell Folla, som produserer CTMP og vart overteke av det austeriske papir- og emballasjekonsernet Mayr-Melnhof Karton AG i september 2013 og gjeve namnet FollaCell, og Södra Cell Tofte, som produserte sulfatmasse, men vart lagd ned i 2013 og deretter demontert. Gapro er representert i Brumunddal, Dal og Drammen.

Bakgrunnsstoff endre