59°34′55.909″N 16°12′35.323″E / 59.58219694°N 16.20981194°E / 59.58219694; 16.20981194

Postkort med Sörstafors Pappersbruk som motiv.

Sörstafors er ein svensk tettstad i Hallstahammars kommun i Västmanlands län i landskapet Västmanland. I 2005 hadde tettstaden 294 innbyggjarar. Sörstafors ligg cirka tre kilometer sør for Hallstahammar.

Sörstafors ligg like sør for E18. Det blei bygt eit tresliperi på 1860-talet, som på 1870-talet blei komplettert med ein papirfabrikk. Samfunnet voks opp omkring denne verksemda. Bruket tilhøyrte lenge Surahammars Bruk. Sörstafors Pappersbruks AB blei i 1961 kjøpt av Billerudkonsernet, som la ned verksemda i 1966. I dag finst det mellom anna eit støyperi på staden som er eigd av Varnäsföretagen AB. I 1937 blei det bygd eit større vasskraftverk i samband med Kolbäcksån.

Kjelder

endre