Europaveg 18

(Omdirigert frå E18)

Europaveg 18 (E18) er ein europaveg på nær 190 mil som startar i Craigavon i Nord-Irland og endar opp i St. Petersburg i Russland. Undervegs er han innom Skottland, England, Noreg, Sverige og Finland. Vegen er ei viktig transport- og sambandsåre mellom dei nordiske landa, Russland og Storbritannia.

Europaveg 18


Kart
Europaveg 18
54°26′50″N 6°23′18″W / 54.4472°N 6.38833°W / 54.4472; -6.38833

I Noreg går E18 som hovudveg frå Kristiansand austover gjennom Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud og Akershus via Oslo til Ørje i Østfold før han kjem inn på svensk side ved Töcksfors.

Heile traseen er slik (ferjesamband markert med symbol):

Craigavon, Belfast, Larne   Stranraer, Gretna, Carlisle, Newcastle   Kristiansand, Arendal, Porsgrunn, Larvik, Drammen, Oslo, Askim, Ørje, Karlstad, Örebro, Västerås, Stockholm/Kapellskär   Mariehamn   Åbo, Helsingfors, Kotka, Vaalimaa, Viborg, St. Petersburg.

E18 deler trasé med E16 eit lite stykke nord for Belfast og mellom Oslo og Sandvika.

Historie

endre

Etter omstruktureringa av europavegane i 1992 fekk norske delar av vegen namnet Europaveg 39. Andre delar av vegen, det vil seie strekninga frå Kristiansand til Stockholm, blei heitande E18 fordi det tilfeldigvis passa slik i det nye systemet.

Strekninga mellom Stockholm og Sankt Petersburg heitte før omstruktureringa Europaveg 3.

Oppgradering av E18 i Vestfold

endre

På grunn av mykje trafikk og ønske om betra sikkerheit er Statens vegvesen i ferd med å byggja om delar av E18 i Vestfold til firefelts motorveg, mot to felt tidlegare. Målet til vegvesenet er at heile strekninga skal ha fire felt innan 2015. På grunn av arbeidet føretok ein arkeologiske utgravingar i arbeidsområda i 2003 og 2004, der ein undersøkte kjende kulturminner frå steinalder, bronsealder, jernalder og mellomalder.

Oppgradering av E18 i Østfold

endre

Stortinget vedtok utbygging av E18 gjennom Østfold i 1999. Arbeidet skal skje frå 2001 til 2014.

Knutepunkt

endre
 
M1 ved Lisburn i Nord-Irland
 
Sørlandsporten ved Risør
 
Grenlandsbrua
 
Bomstasjon i Vestfold
 
Drammensbrua
 
E18 gjennom Oslo
 
E18 ved Töcksfors, Sverige
 
E18 i Västerås
 
Tunnel på V1 ved Åbo i Finland
 
V7 ved Kotka
  Storbritannia
  Nord-Irland
trasé stad knutepunkt merknad
  M12 Craigavon
M1 Craigavon-Aghacommon
Lisburn E1 A1 felles trasé til Larne
  A12 Belfast-Broadway
  M2 Belfast E16 felles trasé til Newtonabbey
  A8 Newtownabbey E16 M2
  Larne P&O Ferries, 1-2 timer, 7 turar/dag
  Skottland
trasé stad knutepunkt merknad
A75 Stranraer alternativt frå Belfast
Stena Line, 1,5-3 timer, 9 turer/dag
A74 Gretna E5 A74M felles trasé til Carlisle
  England
trasé stad knutepunkt merknad
A689 Carlisle E5 M6
A69 Brampton
Newcastle E15 A1 ingen samband til Kristiansand
  Noreg
Trasé Stad Knutepunkt Merknad
    Kristiansand E39
  Vesterbrua 679 m
  Oddernestunnelen 1049 m
  Gamle Varoddbrua 618 m, spenn 337 m, austleg retning
  Nye Varoddbrua 663 m, spenn 260 m, vestleg retning
Lillesand
  Grimstad
Arendal
Risør
  Sørlandsporten
  Grenlandsbrua 608 m
  Kjørholttunnelen 2219 m
Porsgrunn
  Gulli i Tønsberg
  Helland bru 624 m (vest) og 617 m (aust)
  Botnetunnelen 1374 m
  Bringåkertunnelen 1129 m
  Hanekleivtunnelen 1742 m
  Kleivenetunnelene 553 m nordover og 1800 m sørover
Drammen E134
  Drammensbrua 1892 m
Sandvika E16
  Høvik
Oslo
      Festningstunnelen
  Fiskevollen i Oslo
  Oppegard
Ringnes i Ås E6 felles trasé til Vinterbro
Vinterbro E6
  Krosby i Askim
  Momarken
  Kutjern i Marker
  Sverige
Trasé Stad Knutepunkt Merknad
  E18 Töcksfors
  Segmon E45 felles trasé til Grums
  Slottsbron
Grums E45
  Karlstad   Karlstads flyplass
  Skattkärr
  Lekhyttan
Örebro E20 felles trasé til Arboga
Arboga E20
  Västerås   Västerås flyplass
  Enköping
  Tensta
Stockholm E4   Stockholm-Arlanda Airport
  Danderyd
  Norrtälje
    Kapellskär
  Finland
  Åland
trasé stad knutepunkt merknad
    Mariehamn
  Finland
trasé stad knutepunkt merknad
  Åbo hamn
9 Åbo-Port Arthur E8 9
  1 Nummis
Pikis
  40 Nådendal
Åbo-Reso E8 8
Åbo-Urusberget E63 9
  1 Pikis
  Muurla
  Karnainens tunnel 2230 m
  Nyland
  50 Esbo
Vanda E12 3
Helsingfors
Vanda-Håkansböle E75 4
  7 Vanda-Långmossen
  Pernå-Forsby
  Kotka-Kyminlinna
  Fredrikshamn
  Vaalimaa
  Russland
Trasé Stad Knutepunkt Merknad
  M10
Viborg
(ru. Выборг / fi. Viipuri)
St. Petersburg
(ru. Санкт-Петербург / fi. Pietari)
E105 M18 E20 E95

Alternative vegar

endre

Det finst alternative vegar for å reise frå ein stad langs vegen til ein annan.

Sjå òg

endre

Bakgrunnsstoff

endre