Opna hovudmenyen
Tysk sølvtøy frå hovudsakleg slutten av 1800-talet.

Sølvsmed eller sylvsmed er ein handverkar som lagar eller reparerer gjenstandar av sølv. Mange gullsmedar arbeider òg med sølv, men det er ikkje så ofte at sølvsmedar arbeider med gull.

Rosesølje med hengande lauv i forgylt sølv, innkjøpt i Nissedal i Telemark i 1896. NF.1896-0416.
Foto: Anne-Lise Reinsfelt/Norsk Folkemuseum

KorpussølvsmedEndra

Ein såkalla korpussølvsmed (frå det latinske ordet corpus, som tydar «kropp») lagar ting med «kropp», som til dømes fat, kanner, lysestakar, sølvbestikk, og dessutan smykke. Tidlegare laga korpussølvsmedane òg sølvbestikk, men i dag er storparten av alt sølvbestikk produsert maskinelt, berre etterhandsama manuelt.

FiligranssølvsmedEndra

 
Sølvsmeden Knut Helle i Valle fotografert i 1959 i arbeid med blåserør og lodding på sølje.
Foto: Kyrre Grepp/Norsk Folkemuseum
.

Ein såkalla filigranssølvsmed (filigransarbeidar) lagar, reparerer og restaurerer filigransarbeid. Filigranssølvsmeden lagar bunadsølv: søljer, beltespenner, knappar og halsringer, og dessutan smykkekjede, armband og øyrepynt. Sølvtråd og sølvkorn vert omgjort til spindelvev-liknande mønstre som ofte vert festa til ei tilpassa sølvplate.

BakgrunnsstoffEndra