Sønderjysk (Synnejysk) er ei dansk dialekt som vert tala i Sønderjylland, frå den tyske grensa til Kongeå. Sør for grensa vert det tala sønderjysk i nokre av sokna langs grensa mellom Flensborg og Nibøl. Æ synnejusk forening er ei foreining som arbeider for å ta vare på den sønderjyske dialekta.[1]

Ordet eg er på sønderjysk æ eller a. I utlyd vert b- og g-lyden til f og ch.[2] Dialekta har som riksdansk to kjønn. Rømø, Als og Sundeved har halde på dei nordiske tonelaga. Det sønderjyske ordforrådet er påverka av nabospråket tysk. Men dialekta har også tatt vare på mange ord som ein elles finn i språka i nabolanda, som fikk (≈ lomme, svensk: ficka), grander (≈ klok, islandsk: grannur), snel (≈ flink, svensk snäll, islandsk snjall).

KjelderEndra

  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.