Genus, grammatisk kjønn eller subtantivklassar viser til inndelingar av substantiv i grupper. Eit språk har genus når substantiva i språket kan delast inn i grupper etter korleis ord som står til dei blir bøygde, kvart substantiv må høyre til berre ein klasse, og det bør vere få substantiv som kan høyre til fleire enn ein klasse.[1]

Talet på genus kan variera. Mange språk har berre ein klasse av substantiv, og alle substantiv blir handsama på same måte, grammatisk sett. Dei fleste bantuspråka har mellom ti og 20 substantivklassar. Dei fleste indoeuropeiske språka har to eller tre grammatiske genus.

I indoeuropeiske språk er genus ofte knytt til kjønn. Ord kan vera hannkjønn eller hokjønn, og i nokre språk, mellom anna norsk, også inkjekjønn. Denne inndelinga kan bygga på biologisk kjønn, men er ikkje fast knytt til det. I andre språk kan genus ha heilt andre utgangspunkt.

I norsk verker genusordninga slik at ein har ulike artiklar for dei ulike grammatiske kjønna («ein», «ei» og «eit»). Nokre adjektiv blir bøygde ut frå kva kjønn substantivet dei høyrer saman med høyrer til (til dømes god for ho- og hannkjønn, godt for inkjekjønn).

Genusordningar i språk kan endra seg, noko ein finn døme på i norsk. Medan nynorsk har tre genus, er hokjønn nesten forsvunne i bokmål, og i stor grad erstatta av eit felleskjønn.

Genustilordning endre

Tilordning av genus i naturlege språk er regelstyrt, dvs. for kvart genusspråk finst det eit sett av kriterium som bestemmer genus til dei aller fleste substantiva (det er som regel også eit sett av unntak). Vanlege kriterium er m.a.:

  • Semantiske kriterium
    • animat vs. inanimat (som i ojibwe)
    • rasjonell vs. irrasjonell (som i tamil)
    • human vs. inhuman
    • mannleg vs. andre
    • mannleg menneske vs. andre
    • mannleg vs. kvinneleg
    • mannleg vs. kvinneleg vs. ingen av delane
    • sterk vs. svak
    • augmentativ vs. diminutiv (stor vs. liten)
  • Morfologiske kriterium
    • Visse avleiingsprosessar kan resultere i eit bestemt genus
    • Ord med visse bøyingsprosessar kan ha eit bestemt genus
  • Fonologiske kriterium
    • Ord der stammen har ein viss fonologisk form kan ha eit bestemt genus

Det finst mange språk utan genussystem, så språk klarer seg godt utan dette fenomenet, og det er ein tendens til at språk kan få redusert eller miste genussystema sine i periodar med sterk ekstern påverknad (jamfør til dømes dyirbal og engelsk).

Grammatisk sett er genus ein måte å identifisere substantivfrasar på. Der determinativ og adjektiv kongruerer med substantivet i genus, er det lettare å sjå kva ord som høyrer saman, og å sjå kor ei substantivfrase sluttar og ei anna tar til. I situasjonar der det kan vere vanskeleg å høyre kva samtalepartneren seier, kan genuskongruensen gjere det lettare å gjette kva ord som er meint.

Dei leksikalske grunnane er sannsynlegvis likevel viktigare. Grammatisk genus er ein måte å konseptualisere verda på, ein måte å klassifisere referentane orda viser til i ulike klassar.

Ulike genustilordningssystem endre

Så vidt vi veit har alle genustilordningssystem ein semantisk base. Nokre system er reint semantiske, andre er blanda system det større eller mindre delar av substantiva får genus etter morfologiske eller fonologiske kriterium.

Reint semantiske system endre

Ojibwe og andre algonkinske språk har eit system med to genera, eit animat og eit inanimat. Alle ord for levande vesen og ord for heilage fenomen og ord knytt til jorda høyrer med til animat genus.

Abkhazisk har tre genera, ord for menneske av hankjønn, menneske av hokjønn, andre ord. Andre kaukasiske språk har fire genera, ord for menneske av hankjønn, for menneske av hokjønn, for andre levande vesen, og for andre ord.

Andre språk med reint semantiske system er dyirbal.

Blanda system endre

Språk kan ha genussystem med ein semantisk kjerne, men med morfologiske eller fonologiske reglar. Eit slikt døme er hausa, eit anna er tamil. I tamil blir til dømes ting sorterte etter om dei er rasjonelle eller irrasjonelle. Dei rasjonelle blir så delt inn i etter om dei er mannlege eller kvinnelege, Mange av orda i kvar klasse har liknande endingar: Ordstammar som ender på [n] er som regel maskuline, dei på [ḷ] eller [aj] feminine, og dei på [m] irrasjonelle.

Dei aller fleste indoeuropeiske språka har eit tregenussystem med ein semantisk kjerne, maskulinum, femininum og nøytrum, som i prototypiske tilfelle viser til referentar som har biologisk hankjønn, hokjønn, og ingen av delane.

Språk utan grammatisk genus endre

Svært mange språk har ikkje grammatisk genus i det heile. Døme på slike språk er dei uralske språka, dei tyrkiske språka, og dei eskimo-aleutiske språka.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Hockett 1958, s. 231

Litteratur endre

  • Beito, Olav T 1954: Genusskifte i nynorsk. Skrifter utgitt av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo. II. Historisk-filosofisk klasse. 1. bind.
  • Hockett, Charles F. (1958), A Course in Modern Linguistics, Macmillan 
  • Corbett, Greville G. 1991: Gender, Cambridge University Press.
  • Meissner, Antje & Anne Storch (eds.) 2000: Nominal classification in African languages, Institut für Afrikanische Sprachwissenschaften, Johann-Wolfgang-Goethe-Universität, Frankfurt am Main. Köln: Rüdiger Köppe Verlag. ISBN 3-89645-014-X.
  • Trosterud, Trond 2001: Genus i norsk er regelstyrt. Norsk lingvistisk tidsskrift 1.