Søråsværfjorden
66°11′49.621″N 12°15′43.614″E / 66.19711694°N 12.26211500°E Søråsværfjorden er ein fjord i Dønna kommune i Nordland. Fjorden ligg på sørsida av øygruppa Åsvær og nord for Vandved og øya Dønna. Han strekkjer seg 25 km nordaustover frå Skipbåtsvær og held fram som Tomfjorden vidare nordaustover.
I overgangen mellom Sørårsværfjorden og Tomfjorden kjem Nordåsværfjorden, medan Stigfjorden går sørover på austsida av Dønna.
Fylkesveg 186 går langs fjorden på nordsida av Dønna.