66°18′08″N 12°44′52″E / 66.30222°N 12.74778°E / 66.30222; 12.74778

Tomfjorden sett frå Tomma. I bakgrunnen Lovund med Risvær, Sandvær og Sleneset framfor

Tomfjorden er ein fjord i kommunane Nesna og Lurøy i Nordland fylke. Fjorden ligg på nordsida av øya Tomma i Nesna og strekkjer seg 9,5 kilometer nordaustover til innløpet til Sjona.

Fjorden startar i sørvest mellom Risvær i nordvest og Bursneset i søraust. Ei anna øygruppe på nordsida av fjorden er Sandvær og nord for desse igjen ligg Solvær. Grenda Tomeidet ligg på sørsida av fjorden og elles er det ingen større busetnader.

På vestsida av Tomma går Stifjorden sørover. I tillegg grensar Tomfjorden til Nordåsværfjorden i nordvest og Søråsværfjorden i sørvest.

Fylkesveg 384 går langs fjorden på Tomma.